Hopp til innhold

Sterk prestasjon av gloppar

Evald Osnes Devik, Gloppen FIL sikra ein sterk 4.plass i slegge på ny personleg rekord under Nordisk/Baltisk meisterskap U23 i Espoo i Finland.Resultatet hans vart 61,63 med seniorslegga og det gjev han ein 5. plass gjennom alle tider i øvinga for senior i Sogn og Fjordane, melder friidrettskrinsen. Dei som er føre han er: Ove Farsund, Steinar Kleppe, Magne Føleide og Jostein Aukland.

Evald Osnes Devik i slegge i NM
Foto: Rune Fossum / NRK