Hopp til innhold

Vurderer å selje hotellet

Eigarane av Vadheim hotell har tapt store pengar på å leige ut bygget til asylmottak, det skriv Firda. For å få bygget godkjent som mottak vart det investert over ein million kroner i blant anna sprinkelanlegg. Mottaket opna 20. april i år, men blir lagt ned i september. Ekteparet Frode og Gunn Anita Nyland Høyvik legg ikkje skjul på at dei trudde hotellet skulle vere mottak lenger. No vurderer dei å selje hotellet.