Hopp til innhold

Krasja i busskur i Naustdal

Ein personbil krasja i eit busskur på Horstad i Naustdal. – Føraren av bilen er ikkje skadd, men det skal vere store skadar på busskuret og bilen, seier operasjonsleiar for politiet i Sogn og Fjordane Kai Henning Myklebust. Bilføraren vart likevel tatt til lege for sjekk. Politiet vil no undersøke kva som har skjedd, og etterkvart avhøyre føraren av bilen.