Hopp til innhold

Ras på Panoramavegen

Det har rasa på fylkesveg 698, fem kilometer aust for Lote ferjekai. – Det er fleire steinheller som har kome ned i vegen der. Entrepenøren var i tvil på om det kunne komme ned meir, seier Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal. Det skal ikkje vere veldig store steinmassar som har kome ned, men at folk frå Vegvesenet er sende ut for staden for å vere med å vurdere området.