Hopp til innhold

Straumproblem på Bergensbana

Bergensbana vart stengd i går kveld mellom Myrdal og Hallingskeid på grunn av straumproblem. Toga blir trekte med diesellokomotiv på strekninga, opplyser Jernbaneverket. Banea vart stengd då eit godstog køyrde på plater som var rivne ned av vinden, noko som skada køyreledninga.