Trur på mange medaljar
– Sju-åtte medaljar bør vere mogleg, meiner dagleg leiar Narve Heggheim i Sogn og Fjordane friidrettskrins før junior-NM i friidrett som startar i Brandbu i dag. I alt 23 utøvarar frå sju klubbar i fylket er påmelde til meisterskapen. Heggheim håpar juniorane følgjer opp dei åtte medaljane frå senior-NM førre helg.