Samla inn nok pengar til MR-maskin
10 millionar kr er samla inn til ei MR-maskin ved Lærdal sjukehus. Det har i lengre tid vore samla inn pengar til maskina som skal sikre betre diagnostisering av pasientar. Pengegåvene kjem frå kommunar, lag og organisasjonar, bankar, verksemder, og privatpersonar.