Hopp til innhold

Kvinne dømd for promillekøyring

Ei kvinne i 60-åra er i Fjordane tingrett dømd til 33.000 kroner i bot og fengsel i 16 dagar. Kvinna vart ein ettermiddag i desember i fjor stogga med ein promille på 0,72 utanfor Høyanger vidaregåande skule. Fengselsstraffa blir utsett med ei prøvetid på to år. Kvinna må også klare seg 16 månader utan førarkort.