Hopp til innhold

Står samla mot Via Ferrata-prosjekt

Fleire naturvernkrefter i fylket samlar seg no i motstand mot det planlagde Via Ferrata-prosjektet til Hornelen i Bremanger. I eitt innlegg i Firdaposten omtalar dei klatrestien som eit turismeprosjekt, og ikkje eit friluftslivstiltak. Dei meiner erfaringar frå Alpane viser at populariteten til denne typen stålvegar til fjells var eit blaff. Innlegget er underskrive av Naturvernforbundet, Sogn og Fjordane turlag og Forum for natur og friluftsliv (FNF). Fjordkysten, selskapet som står bak planane, sa nyleg at dei ikkje trur kritikken mot Via Ferrata-prosjektet vil kunne stogge det.