Hopp til innhold

Merete med NM-gull og ny rekord

Merete Helgheim frå Gloppen sette i ettermiddag ny krinsrekord for Sogn og Fjordane med tida 13,39,80 på distansen 3000 meter kappgang. Med dette kjempeløpet sikra ho seg NM-gull under friidretts-NM på Askøy. – Ho blir berre betre og betre dess eldre ho bli, så dette er kjempebra, seier lagleiar for Gloppen, Jørund Årdal.

Merete Helgheim gjekk inn til NM-gull på 3000 meter kappgang
Foto: Eigil Instebø