Ingen nye studieplassar i sikte
Sjukepleiestudiet i Førde er svært populært, men det ligg førebels ikkje an til at det blir oppretta fleire studieplassar. Etter hovudopptaket i går står 650 på venteliste, medan 81 studentar får plass ved sjukepleiestudiet frå hausten av. Dekan for helsefag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Randi Skår, seier tilgangen på praksisplassar gjer at dei har nådd ei grense for talet studieplassar.