Hopp til innhold

Må betale etter rask biltur

Ein nordfjording må ut med 9000 kroner etter at han var for hard på gasspedalen på ein skuleveg i vinter. Mannen i slutten av 40-åra vart målt til 69 kilometer i timen i ei 30-sone under ein politikontroll. I tillegg til bota er mannen dømd til 15 dagar fengsel på vilkår og må vere åtte månader utan førarkort.