Hopp til innhold

Bot for usikra last

Ein sunnfjording i 60-åra har fått 10.000 kroner i bot for å ikkje ha sikra lasta godt nok på semitraileren han førde. Det var i mars i år at mannen mista store mengder metallskrap på E39 mellom Vassenden og Ålhus i Jølster. Ein semitrailer punkterte då han køyrde på noko av skrapet. Mannen har godteke bota.