Hopp til innhold

Bil i fjellveggen

Ein person vart i dag tidleg send til Førde sentralsjukehus med lettare skader etter å ha køyrt i fjellveggen på riksveg 5 ved Hornnes mellom Førde og Naustdal. Vegen er no rydda, og det skal ikkje ha vore store trafikale problem. Årsaka til ulukka er førebels ukjend, men det er ikkje mistanke om ruspåverka køyring.