Hopp til innhold

ESA seier ja til fjorddeponi

EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, meiner regjeringa har sitt på det reine i fjorddeponi-saka i Førdefjorden. Det skriv Firda. Både politikarar i Førde og fleire organisasjonar har klaga inn saka. ESA er trygge på at regjeringa har gjort nøye vurderingar av verdien av arbeidsplassane opp mot risikoen for miljøøydelegging, og at alle grep for å unngå det siste er gjort.