Hopp til innhold

Dømd for omfattande overgrep

Ein mann i 60-åra er dømd til fem og eit halvt år i fengsel for omfattande overgrep mot to jenter han er i nær slekt med. Overgrepa skal ha skjedd frå dei var 8 og 10 år gamle til dei var 15-16. Mannen må også betale jentene til saman 500 000 kroner i erstatning.