Hopp til innhold

Fylkesutvalet vil bygge handelspark

Eit fleirtal på sju mot to i fylkesutvalet gjekk i dag inn for å opne opp for å ta i bruk dyrka mark for å bygge ein stor handelspark på Brulandsvellene i Førde. Berre to representantar frå Senterpartiet støtta framlegget frå fylkesrådmannen, som var imot ein slik bruk av arealet. Fylkesordførar Jenny Følling, også ho frå Senterpartiet, røysta for å opne for bruk av arealet til handelspark.