Hopp til innhold

Årdalsfjorden er reinare

Årdalsfjorden er reinare, men det er framleis eit stykke att før fjorden kan friskmeldast. Det er konklusjonen frå Norsk Institutt for Vannforsking, NIVA, skriv Sogn Avis. Dei gjennomførte i 2015 fleire prøvetakingar av sedimentlaget i fjordbotnen for å sjå på konsentrasjonen av miljøgifter. Desse syner framleis ein del overskridingar på grenseverdiane.