Hopp til innhold

Kan bli basekutt i Florø

Vestbase vil no ha ein gjennomgang av basen i Florø. Dårlege tider gjer at selskapet i dag varslar nye oppseiingar i Kristiansund frå 1. september. Mellom 35 og 40 stillingar innan logistikk vert råka. Årsaka er at det er mindre aktivitet i oljenæringa. Administrerande direktør i Vestbase, Alf Dahl, utelukkar ikkje at det kan bli snakk om oppseiingar også i Florø.