Hopp til innhold

Viste forståing for sveltestreiken

– Det er alvorleg når menneske er så fortvila at dei går til sveltestreik, sa fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i talen sin til Fylkestinget i Loen. 24 syrarar i Høyanger har sveltestreika fordi dei har venta i ni månader på svar hjå Utlendingsdirektoratet (UDI). – Det må vera ein frist for kor lenge ein skal vente på det fyrste intervjuet og når saka bør vere ferdig behandla, sa Følling frå talarstolen.

Jenny Følling på talarstolen
Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune