Hopp til innhold

Førdianarar med gode takter i NM

Fem karar frå Førde sikra seg i dag ein andreplass under NM i bridge for lag. NM for klubblag startar med seks utslagsrundar, før ein står att med åtte lag som møtest i ein finale som går over fire dagar. Dei fem frå Førde bridgeklubb, Geir Hoff, Arild Hoff, Geir Hjelmeland, Øystein Vasset og Leif Kvamsdal, vart berre slått av Heimdal bridgeklubb sitt andrelag.