Hopp til innhold

Branntilløp i seglbåt

I føremiddag vart det meldt om eit mindre branntilløp i ein seglbåt i Furuholmen småbåthamn i Florø. Eigaren greidde sjølv å sløkkje brannen, før han tok seg ein tur til lege for å sjekke eventuelle røykskadar.