Hopp til innhold

Oljearbeidar vart nekta lån

Oddbjørn Mulen (46) frå Førde fekk avslag då han søkte om lån i Landkredittbank. Grunngjevinga var at han jobba i Nordsjøen, skriv bt.no. – Eg synest det er frekt. Eg føler at dei slår beina under ei heil næring, folk som i årevis har ofra samver med familie og vener, og som over tid har bidrege til at Norge i dag fløymer over av pengar og velstand, seier Mulen til avisa. No har han fått lån i ein annan bank.