Hopp til innhold

Køyrt på land i natt

Båtuhellet i Fresvik har skjedd i løpet av natta, opplyser Espen Gulliksen ved politiet sin operasjonssentral. Politiet er i kontakt med familien til mannen som køyrde båten, og opplyser at han ikkje er skadd. Dei har førebels ikkje fått snakka med mannen sjølv, og veit difor ikkje kva som er årsaka til at båten hamna på land.