Hopp til innhold

Får pengane tilbake

Praksisendringa som førte til at permitterte tilsette i fiskeindustrien ikkje fekk utbetalt dagpengar er no skrinlagt av direktoratet. – Det er ein kjempenyheit. Den nye praksisen gjorde at vi hadde vore nøydde til å slutte i jobben på sikt om vi ikkje hadde fått pengar medan vi var permitterte, seier tillitsvald i Pelagia i Måløy, Daniel Henriksson, til Fjordenes Tidende. Forslaget var å utsette endringa til 1. august for å gå gjennom dei avslaga som var gitt, men på grunn av press frå tilsette og NAV lokalt, har direktoratet gått heilt vekk frå den nye praksisen.