Sikta for tjuveri av el-sykkel
Politiet har pågripe ein mann som er sikta for tjuveri av ein el-sykkel i Stryn, skriv fjordingen.no. Det var i slutten av april at sykkelen til ein verdi av 30.000 kroner blei stolen frå ein sportsbutikk. Laurdag dukka den mistenkte opp i same butikk igjen, og dei tilsette kjende han igjen, skriv fjordingen.no. Mannen blir framstilt for varetektsfengsling i dag.