Hopp til innhold

Vil heve kontrakt på kunstgrasbane

Førde kommune gir opp å få orden på undervarmen på kunstgrasbana i Hafstadparken. Ifølgje Firda orienterte rådmann Ole John Østenstad om at det etter tre vintrar med store problem med anlegg, ligg an til at kontrakta med det nederlandske selskapet blir heva. Avtalen er framleis ikkje underteikna, og kommunen veit heller ikkje sikkert kva dei skal gjere vidare for å få orden på anlegget.