Hopp til innhold

Uroa for at DAB tek over for tidleg

Fleire beredskapsetatar er uroa for tunneltryggleik når FM-nettet stengjer ned, skriv Sogn Avis. Til neste år overtek DAB-radioen. Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand seier det blir ei særleg utfordring i vegtunnelar. – Informasjon gjennom bilradioen kan vere svært avgjerande, seier han. Framstegspartiet melder no at dei vil ta saka opp att i Stortinget for å vurdere om FM-nettet blir sløkt for tidleg, skriv avisa.