Hopp til innhold

Prioriterer tre store vegprosjekt

Sogn regionråd vil kjempe for å få Vikafjellstunnel, fylkesveg 52 over Hemsedal som den andre hovudvegen mellom Austlandet og Vestlandet, og Sognefjellstunnelane inn i Nasjonal Transportplan. Regionrådet meiner Vikafjellstunnelen bør inn i NTP allereie frå 2018. – Sognefjellsvegane ser vi er eit litt lenger løp å bleike, men det er ei viktig åre, og difor gir vi også den vår fulle støtte, seier regionrådsleiar Petter Sortland.