Hopp til innhold

Meiner tryggleiken er pressa

Enkelte pilotar i ulukkesselskapet CHC meiner tryggleiken i lufta er pressa. Til NRK skildrar dei ein tøff arbeidskvardag, med frykt for oppseiingar. Både CHC og Statoil, selskapet sin største oppdragsgivar, seier tryggleik kjem først. CHC eig helikopteret som sist veke havarerte ved Turøy i Hordaland, der alle 13 om bord miste livet. I februar vart det kjent at selskapet ikkje fekk fornya avtalen med Statoil som gjeld flygingar frå Florø og Flesland.