Hopp til innhold

Sjekkar ikkje sjølvmeldinga

Berre to dagar før fristen går ut, har 9852 skatteytarar i Sogn og Fjordane lete vere å opne sjølvmeldinga. Skatteetaten ber no folk om å sjekke tala, slik at ein ikkje går glipp av frådrag ein har krav på. Fristen for å gjere endringar går ut ved midnatt - natt til søndag.