Hopp til innhold

Seier nei til Vågsøy og Selje

61 prosent av røystene i sunnmørskommunen Vanylven seier ja til kommunesamanslåing. Men dei aller fleste, 72,5 prosent, vil ha ein kommune nordover med Sande, Herøy, Ulstein og Hareid – i nye Runde kommune. Berre 13 prosent ønskjer ei kommunesamanslåing med Selje og Vågsøy i ein ny Stad kommune.