Hopp til innhold

Slagsmål og urinering

Politiet i Førde måtte i totida natt ordne opp i eit slagsmål mellom to yngre menn på ein utestad. Det eine stakk frå staden då politiet kom, den andre vart vist bort. Om lag samstundes vart ei kvinne i 20-åra meld for urinering på offentleg staden, nær ein utestad i Førde. Ved firetida i natt kom politiet over ein bil som hadde fått sleng og hamna i autovernet på E39 ved Bekkjavatnet i Førde. Bilbergar vart rekvirert. Det er ikkje meldt om personskade.