Hopp til innhold

Førde får 200 000 kroner

Ein datafeil hos Integreringsdirektoratet har ført til at ei rekkje kommunar i Norge med asylmottak anten har fått for mykje eller for lite pengar. Blant dei råka kommunane er Førde. I eit brev til dei aktuelle kommunane beklagar direktoratet dette på det sterkaste at feilen har oppstått. No får Førde kommune utbetalt nær 200.000 kroner dei skulle hatt til norskopplæring.