Hopp til innhold

Stengjer bana i ein månad

Førde stadion er stengt for all aktivitet fram til 14. mai, skriv Firda. Ei humpete og grå bane, med lite gras og mykje grus har hausta kritikk siste tida. 2.-divisjonslaget Førde har fleire kampar i denne perioden, som etter planen skal spelast på bana. No håpar Førde IL at ein kan få spele kampane i Hafstadparken.