Politiet på nett att
Politiet sine datasystem fungerer som normalt igjen, opplyser Inge Værøy ved operasjonssentralen. Heile etaten vart måndag ettermiddag råka av ein feil, som gjorde at alt av datasystem og dataverktøy var ute av funksjon. Feilen skal ikkje ha fått alvorlege følgjer i Sogn og Fjordane, seier Værøy.