Hopp til innhold

Hydro får att 700 millionar

Norsk Hydro får betalt tilbake 700 millionar kroner i skatt og renter, skriv Sogn Avis. Tilbakebetalinga kjem etter at Skatteklagenemnda har gjeve Hydro medhald i ei skattesak som starta i 2008. Det starta med at eit milliardtap vart ført som frådrag, før likningsstyremaktene i 2013 avgjorde at det ikkje gav rett til frådrag. Hydro klaga inn avgjerda, og har no fått medhald.