Hopp til innhold

Blir styreleiar for Bergen hamn

Sparebanken Vest-sjef Jan Erik Kjerpeseth blir ny styreleiar for Bergen og omland havnevesen (BOH), melder BT. 44-åringen har vore banksjef sidan 2013, og tek over etter Øistein Christoffersen. Kjerpeseth kjem frå Svelgen i Bremanger kommune.

Jan Erik Kjerpeseth, adm.dir Sparebanken Vest
Foto: Marthe Njåstad / NRK