Hopp til innhold

Vil ikkje ha rekordutbyte i Fjord1

Fylkesordførar Jenny Følling og fylkesrådmann Tore Eriksen skal i eit møte ha signalisert at fylkeskommunen bør seie nei til 65 millionar kroner i utbyte frå Fjord1. Det skriv Firda. Ynsket skal ha vore fremma etter avtale med framtidig eigar Torghatten. Fjord1 la nyleg fram eit overskot på 217 millionar kroner. Fylkeskommunen må kutte drifta med over 200 millionar kroner fram til 2019.

Jenny Følling og Tore Eriksen
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK