Meiner budsjettkutt er galskap
Rektor Kari Heier Nistad ved Dingemoen skule i Fjaler sluttar i jobben då ho meiner skulen ikkje har ressursar til å gje eit godt nok tilbod, skriv Firda. Nistad meiner innsparingane ved skulen er så store at kommunen bryt lova. Også foreldra sitt samarbeidsutval er uroa for konsekvensane av innsparingane. Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang seier til avisa at dei tek signala på høgste alvor.