Hopp til innhold

Etterlyser Mazda i Florø

Politiet etterlyser ein lys, grå Mazda etter eit trafikkuhell i Kinnvegen i Florø om lag klokka 19 i kveld. Føraren av bilen skal vere ei kvinne, opplyser politiet på Twitter. Bilen køyrde inn i eit gjerde, og traff nesten ein fotgjengar. Bilen skal ha fått skadar på høgre side, og har truleg ein knust spegel. Politiet ber eventuelle vitne om ta kontakt.