Hopp til innhold

Droppar søksmål mot aksjonistar

Nordic Mining droppar det varsla søksmålet mot aksjonistane som har stogga arbeidet med prøveboring i Engebøfjellet i Vevring i Naustdal. Det vart kunngjort i ei børsmelding måndag, der det også går fram at gruveselskapet har avslutta prøveboringa.