Hopp til innhold

Ny fabrikksjef i Høyanger

Stian Tangen frå Sunndalsøra tek i sommar over som fabrikksjef ved Hydro i Høyanger, skriv avisa Ytre Sogn. Tangen er i dag produksjonssjef på eit støyperi i Qatar. 39-åringen meiner verket i Høyanger er veldrive og gler seg til å vere med å utvikle verket vidare.