Ferjesamband som normalt
Ferjesambandet Mannheller - Fodnes på riksveg 5 går no som normalt og etter oppsette rutetider. Sambandet har fått overført ei ferje frå trekantsambandet Hella - Dragsvik - Vangsnes etter at «Sogn» fekk tekniske problem søndag.