Hopp til innhold

Håpar på skredradar i april

Skredradaren som skulle varsle om ras på vegen mot Veitastrond i Luster, blir tidlegast sett i drift i april. Det melder Sogn Avis. Sensorane skulle fange opp skred og varsle trafikantane på den rasutsette vegen. Men på grunn av at sensorane var for ømfintlege, har anlegget vore ute av drift heile denne vinteren. Seksjonssjef i vegvesenet, Eivind Yttri, seier til avisa at dei må få på plass eit meir påliteleg anlegg, og håpar det kan vere klart i midten av april.