Hopp til innhold

NM-siger til Wolff

Tommy Wolff frå Hyllestad IL, biljardgruppa, blei søndag norgesmeister i pool etter å ha slått Jørgen Nilsen frå BEX biljardklubb i finalen. Wolff har lenge vore ein av dei beste biljardspelarane i Norge, og er også teken ut til EM i Austerrike seinare i år. Broren, Steffen Wolff, er også utteken til den meisterskapen.