Hopp til innhold

Reagerer på gardssal

– Dette er hakkande gale med upersonleg buplikt.

Det seier leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde etter at Fjaler kommune har tillate Bergens-milliardær Tom Eide Knudsen å kjøpe ein gard i Guddalen med ein klausul om upersonleg buplikt, med vilkår at han let nokon bu der i fem år. Det skriv Firda.

Felde seier til avisa at han aldri har høyrt om upersonleg buplikt, og at bondelaget fryktar saka skal skape presedens.