Hopp til innhold

Kortare kolonne i Lærdalstunnelen

Arbeidet på E16 Lærdalstunnelen har gått raskare enn venta. Vegvesenet går difor over til å ha kolonnekøyring berre på den strekninga der det pågår arbeid, og ikkje i heile tunnellen slik det har vore sidan februar. Kolonnene går over seks kilometer i tidsrommet 08-20 måndag til og med laurdag, og ventetida blir på om lag 15 minutt. Resten av døgnet er det fri ferdsle, men nedsett fart til 70 km/t.