Hopp til innhold

Øver i tunnel

Geiteryggtunnelen på fylkesveg 50 Aurland–Hol blir stengd frå klokka 11.30 til 18.00 førstkommande torsdag. Årsaka er ei beredskapsøving, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding. Øvinga er ein del av tryggleiksgodkjenninga etter at tunnelen har vore gjennom ei omfattande rehabilitering.