Hopp til innhold

Ap vil fjerne K'en i KRLE

AUF-leiar Reidar Fugle Nordhaug fekk med seg resten av fylkesårsmøtet i Ap på å fjerne K'en i KRLE-faget. Regjeringa døypte om faget frå «Religion, livssyn og etikk» til «Kristendom, religion, livssyn og etikk», og sette samtidig krav om at halvparten av undervisninga skal handle om kristendom. Eit nesten samrøystes fylkes-Ap vil endre det tilbake.

– I dagens fleirkulturelle samfunn gjev det ikkje meining å gje kristendom slik forrang, seier Nordhaug.

Reidar Fugle Nordhaug
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK